tirsdag 3. november 2009

Ufrivillig eigenpleie

Eg hater, virkelig hater, ufrivillig eigenpleie.

Eg rekner med at dei fleste kjenner konseptet med eigenpleie - tid som "bare er di", der du kan gjere ting som gjer deg glad, gir deg energi eller får deg til å sjå betre ut (med eller utan tilføring av merkelege kjemiske masker på huden).

Mi form for eigenpleie plar innehalde følgande element: (a) film (b) bok (c) fotbad (d) mange store kopper te (e) store mengder musikk frå mi stadig voksande CD-samling og (f) - om eg føler for å slå på stortromma eller billedleg slå ut håret - fotbad. Og eg virkelig elsker akkurat det konseptet, fordi det gir den naudsynte energien som trengs for å få kvardagen til å gå.

Konseptet ufrivillig eigenpleie, derimot, er når ein ganske ufrivillig plasseres i senga si, fortrinnsvis under dyna, medan punkt a - e berre blir element med primærfunksjonen "bidra til å få tida til å gå".

Takk vere feber og ein mage som ikkje er heilt av det gode, har eg fått tid til slikt som sakpapirlesing, å (endeleg) sjå Fanny&Alexander - og å lese ut heile denne boka:


(...og kven var den idioten som fant ut at webcameraene skulle speilvende ting?!)

Eg har aldri vore spesielt stor fan av Kristopher Schau, og særleg ikkje når han går solo. (Etter å ha sett han ete Makrellsmoothie med heil råtten makrell og diverse ekle ingredienser i Gravane for nokre Quarter sidan, har han vel op mange måter mista dei stjerner han eventuelt måtte ha få bygd opp hos meg...)

Og derfor var det til min store overraskelse at eg, etter å ha lese eit intervju med han som dumpa ned i epostboksen på jobb, plutseleg stod inne i ein bokhandel og sa "den boka skal eg ha". Ho er kort, lettlest og ein tankevekkar. Og ein må-lesast.

Men det finst nokon gode ting med å vere sjuk også: ein set på ein heilt annan måte pris på dei ein omgir seg med. Desse søte sambuarane som stikk hovudet inn døra, snakkar litt om kva dei har gjort og overøser ein med sympati. Verda blir faktisk ein betre stad. Eg er nesten sikker på at det i seg sjølv gjer ein frisk!

Helsing ho med verdas beste sambuarar

1 kommentar:

  1. Nåh... det var fine og kloke ord tulla vår :) Husk likevel på "en må være mot andre som en vil at andre skal være mot seg" - og den leveregelen følger du fullt ut selv :D

    Hilsen den blonde quasilæstadianeren, som trives veldig godt på gulvet utenfor rommet ditt :)

    SvarSlett