torsdag 5. november 2009

Jippi! ....eller?

Kom heim i går. Oppå frysa hadde nokon lagt ei avis som eg bare glimtvis oppfatta. Men glimtet var nok til å skjøne at HER var det gode nyhende:


Så i min lille naivitet eller i min overaktive hjerne (for så vidt to sider av same sak) gjekk følgande tankar gjennom hovudet mitt "nei så kjekt! OMG! Kva skal eg bruke 9 veker ferie på? Er dette noko LO har kjempa gjennom? Og dei raud-grøne har sagt ja til?! Så deilig!! Men må eg like LO nå? Og korleis i helsike skal eg få gjort noko som helst på jobb - det er jo vanskeleg nok å ta ut avspaseringa som det er i dag, ein har jo aldri tid til å ta fri. Er dette eit svineinfluensatiltak? Vent nå litt..."

For ja, vent nå litt. Kven er det som får 9 veker ferie? Jo, ungane i Osloskolen. Medan foreldra har like lite ferie som før. Torgeir Ødegård meiner at dette er ein god grunn til å sende ungane på sommarskolen i ferien. Joda.

Er det lærarar vi burde bli, heile bølinga?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar